Sjå den Bergenfest- og Øyafestivalen-aktuelle artistens nye musikkvideo eksklusivt på GAFFA.no.
Sjå den Bergenfest- og Øyafestivalen-aktuelle artistens nye musikkvideo eksklusivt på GAFFA.no.
I dag lanserer Julia Jacklin ein tilhøyrande musikkvideo til låta Eastwick, regissert av artisten sjølv heime i Blue Mountains, Australia. Videoen skal vere inspirert av TV-programmet «Dancing With The Stars» og er venta å bli like suksessfull som tidlegare utgjevingar. Sjå videoen nedanfor.
Onsdag er artisten å sjå på Bergenfest i Bergen og ho skal dessutan spela på Øyafestivalen i Oslo i august.
Artikkelen fortset under videoen.
Julia Jacklin har på kort tid etablert seg som ein godt omtala artist. Med sitt debutalbum Don't Let The Kids Win frå 2016 har ho blant anna blitt kåra som vinnaren av kategorien «Future Is Now» av Rolling Stone Australia, og har fått låtane sine spelt på kjente radiokanalar som BBC.
LES OGSÅ: Nytt slipp fra Øyafestivalen.
The Guardian hadde følgjande å seie om albumet:
«Feels very much like one of those albums that will slowly creep into the affections of a large number of people, it`s that lovely.»
Klar for turné
Dette er ikkje første gong artisten har opptredd i Noreg. I fjor haust heldt ho ein intim solokonsert i Oslo og spelte under årets by:Larm.
LES OGSÅ: Ølregler på festival provoserer lokale politikerne.
Singelen er ein teaser på den komande utgjevinga Eastwick/Cold Caller som blir slept ut 15. september via Transgressive Record. I denne forbinding skal ho opptre på ulike konsertarenaer rundt om i Europa. Fansen har derfor mykje å glede seg til.
For full oversikt, kan du sjekke ut kalenderen på artisten si heimeside her.