Nyhet

Ynskjer å pirre interessa til folk

I august er det duka for nok ein runde med Blow Out Festival i Oslo. Festivalsjef Ståle Liavik Solberg har stor tru på at programmet kjem til å slå godt an hos publikum.

I august er det duka for nok ein runde med Blow Out Festival i Oslo. Festivalsjef Ståle Liavik Solberg har stor tru på at programmet kjem til å slå godt an hos publikum.

— Me håpar alltid å nå ut til nye folk, og med band som Cloroform og Møster, trur me at me kanskje kan pirre interessa til folk som er opne for eksperimentelle uttrykk innan meir tradisjonelle sjangrar, men som enno ikkje har tatt hoppet heilt ut i improvisasjonen sitt badebasseng.

Dette seier festivalsjef Ståle Liavik Solberg, som saman med Paal Nilssen-Love arrangerer den populære jazzfestivalen for åttande gong på Cafe Mir i Oslo. Blow Out Festival vil gå føre seg i tidsrommet 16. - 19. august i regi av Blow Out! og Konsertforeninga.


LES OGSÅ: Kamasi Washington om drømmer, norske artister og jazz.

Solberg har sjølv vore med på å snekre saman programmet for dagane. Han kan melde om stor breidde i musikken, med både kjende og mindre kjende artistar frå inn- og utland.

— Som trommeslagarar tykkjer jo me festivalsjefane det er utruleg stas å endeleg ha fått med oss Ikue Mori, som spelte trommer med legendariske DNA, og som frijazzelskarar er det minst like stas med Evan Parker, som forresten gjorde ein utruleg bra konsert på festivalen for eit par år sidan, med Schlippenbach trio.


Fullt program og billettar til arrangementet kan du finne her.

Solid organisasjon i ryggen

Solberg kan fortelje at samarbeidet mellom Blow Out! og Konsertforeininga har vore svært viktig for organiseringa av festivalen.


— Konsertforeininga har kanskje vore den viktigaste formidlaren av den smale jazzen i Oslo sidan starten, så det var alltid naturleg at Blow Out! skulle vere ein del av det.

Konsertforeininga, saman med Østnorsk jazzsenter, hjelper oss med å administrere festivalen og hjelper oss med alle dei tinga som ikkje omhandlar den kunstnariske programmeringa, seier han.

Artikkelen fortset under videoen.


— I tillegg er det eit lite, men trufast nettverk av frivillige og medarbeidarar rundt Konsertforeininga som stiller opp når sjølve festivalen skal gjennomførast. Når det er to musikarar som skal organisere festival er det ganske tryggande å ha ein såpass solid organisasjon som Konsertforeininga i ryggen.

Konsertforeininga er ein av Oslo sine mest anerkjente kulturformidlarar og har vore dette sidan 1998. Dei har blant anna vore pådrivarar for seriar som Death Jazz, Blow Out!, FemmeBrutal!, Blårollinger, Gutvik Ukentlig og Ladyfest, for å nemne noko.


LES OGSÅ: Dette er Sigrids favorittlåt akkurat nå. 

— Vårt credo om å bringe til torgs banebrytande og bra musikk i alle sjangrar – og stadig med eit skråblikk til jazzen – blir framleis heldt høgt i hevd, står det i pressemeldinga.

Blow Out! arrangerer forøvrig konsertar på huset annakvar tysdag for dei som er interessert i å sjå på.


Festivalane har blitt mykje flinkare

Ifølgje Solberg sjølv har ikkje den frie og improviserte jazzen alltid vore synleg nok innanfor norsk musikkutøving og verksemd.

— Som utøvande improvisasjonsmusikarar følte me at den musikken me dreiv med ikkje var spesielt godt representert på dei større jazzfestivalane, og det var vel ikkje tilfeldig at me la vår første festival samtidig med Oslo Jazzfestival. Der og då var det ein slags protest, uttalar han til GAFFA.


LES OGSÅ: — Han er for rocken det KFC er for kylling.

— Sidan tykkjer me at mange av festivalane har blitt mykje flinkare til å finne plass til den litt smalare jazzen, så no er sameksistensen langt mindre antagonistisk.

Eit botnsolid program


Etter mange år med festivalverksemd er det ikkje rart at festivalsjefen har store forhåpningar til arrangementet. Somme av artistane har til og med møtt kvarandre for første gong rett før dei skal på scena.

— På festivalen har me moglegheit til å presentere det absolutt ypparste frå ein sjanger som mange kanskje er litt redd for, så me trur det kan vere eit bra inngangspunkt for folk. Folk blir av ein eller anna grunn litt meir sosiale på festivalen enn på konsertserien resten av året, me elskar å høyre folk snakke om konserten dei nettopp har høyrt om i baren mellom slaga, seier Solberg.

Han er sikker i si sak på kvifor festivalen plar vere så populær.


— Først og fremst trur me det er fordi programmet alltid er botnsolid. Me er så heldige at me har greidd å lage ein festival folk vil spele på, så det som ofte byrjar som ei ynskjeliste i starten av bookingprosessen blir ofte ganske nært det ferdige programmet.

ANNONCE