GAFFA.no - alt om musikk.
Årets Urørt-vinnar Jon Olav Sandal har fått i oppgåve å runde av festivalen i slutten av juni.
— Det at Jon Olav skal kome tilbake til UKM er veldig stas! Eg møtte han sjølv på ei fylkesmønstring for nokre år sidan, og no er han på full fart opp og fram! Dette viser at det er mogelegheit for deltakarane på UKM å nå langt, om ein berre vil det nok, seier festivalutviklar Oskar Fjørtoft Sandanger i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Årets Urørt-vinnar med krass kritikk av Vassendgutane.
Sandal vart kåra til «Årets Urørt» i mars 2018 med låta Hei Erna, og har gitt ut fleire singlar i etterkant av dette.
Artikkelen held fram under videoen.
Til sommaren skal han blant anna opptre på Strynefestivalen, Vervenfestivalen, Stokkøya-festivalen og P3-scenen på Slottsfjell i juli.
LES OGSÅ: Held fram med festivalsuksessen (SPONSA LINK).
UKM-festivalen er kjend for å vere eit kulturelt møtepunkt mellom unge håpefulle og det norske kulturliv. Festivalen har haldt på sidan 1987, og er i dag Noregs største ungdomsfestival for ungdom mellom 13 og 20 år.
I år vil festivalen bli arrangert i Olavshallen i Trondheim 25.-29. juni.